Biografi

Benedicte Maurseth (f.1983), frå Eidfjord i Hardanger, er i dag busett i Bergen som frilansmusikar. Ho byrja å spele hardingfele frå ho var åtte år gamal hjå sin meister Knut Hamre og tradisjonsmusikken frå Hardanger er hennar spesialfelt som ho også har studert ved Ole Bull Akademiet. I dei seinare åra har ho også arbeida som kvedar.

Sjølv om det er den solistiske musikken som står hennar hjarte nærmast, arbeider ho også med mange av dei fremste kunstnarar på tvers av sjangrar, særleg innan tidelegmusikken, men også mykje saman med forfattarar og skodespelarar som til dømes: Jon Fosse, Svein Tindberg, Anne Marit Jacobsen, Knut Hamre, Nils Økland, Berit Opheim og Gabriel Fliflet.

Maurseth har hatt ei djup interesse for barokkinstrument og har i fleire år arbeida med gamle 1700-talls hardingfeler, ho brukar tarmstrenger og barokkbogar og har i den siste tida også byrja å utforske viola d'amore. Ho har turnera mykje både som solist og i samarbeid med andre, både i Noreg og internasjonalt.

Maurseth har også fleire CD-utgjevingar bak seg, og i 2014 gjev ho ut saman med Åsne Valland Nordli CD-en Over Tones på det prestisjetunge plateselskapet ECM Records. Same år debuterer Maurseth også som forfattar på Det Norske Samlaget med boka: Å vera ingenting – Samtalar med spelemannen Knut Hamre.


Klikk her for bio i Word-dokument

Klikk her for full CV

Fotograf: Ingvil Skeie Ljones